Den fyrste digitale badetemperaturtenesta er no klar i Sunnhordland. Før vart målingar gjort manuelt av Friluftsrådet og kommunen. Dette var ein tidkrevjande prosess som ikkje alltid var mogleg å prioritere. No gjer me det automatisk og fleire gongar til dagen. Det gjer at ein no kan få nøyaktige og oppdaterte målingar på ulike badelokasjonar i regionen.
Sjølve løysinga kom til gjennom eit samarbeid mellom EY Skye, Stord Kommune og Friluftsrådet Vest. EY Skye har utvikla den teknologisk løysinga, medan Stord Kommune og Friluftsrådet Vest har tatt seg av alt det formelle og praktiske.
I fyrste omgang er det utplassert fem sensorar. Fire av desse er utplassert på Sommarøya Stord. Det kjem også ein på Kråko (Fitjar Kommune). Målingane vert gjort på ca 50cm djupne.
Når det kjem til teknologiske løysingar så nyttar me ein type vasstemperatursensor som gjer målingar kvart femte minutt, men sender berre oppdatering ved endringar i temperatur.
Sjølve kommunikasjonen mellom sensor og løysinga i skya lar seg gjere ved at me brukar moderne industrielle sensorar som kommuniserer via «Narrowband-IoT». Narrowband-IoT er ein ny nettverksteknologi som er aktivert i 4G-nettet og er optimalisert for IoT (Internet of Things) kommunikasjon. Dette gjer at me kan bruke kompakte sensorar, med god batteritid, som også kan plasserast ut stort sett over alt der ein har 4G dekning.
På sikt kan ein kanskje måle andre ting enn badetemperaturar, så dersom ein har gode forslag så ynskjer me dei alle velkommen.
Verdata og nokre ikon er henta frå MET Norge.
Me ynskje om ein god sommar på sommarøya,
Helsing EY Skye, Friluftsrådet Vest og Stord Kommune
Ønsker du å jobbe med den mest moderne teknologien og dei kuleste selskapa i eit av dei mest spennande miljøa på øya? Me er stadig på jakt etter flinke folk! Ta kontakt med Simen Askeland eller Kjell Skogsrud på:
simen.askeland@skye.ey.com
kjell.skogsrud@skye.ey.com